
31. august kom eg med flyttelasset mitt til Sørlandet og Åseral. Eg har fått den hyggelege oppgåva å vere regional museumsformidlar i Lindesnesregionen, med kontor på nye Minne kultursenter i Åseral.
Eg byrja allereie 1. september, og sidan det har mykje skjedd. På Minne har me etablert ein smykkeverkstad som del av elgutstillinga. Alle som vitjar utstillinga kan lage sitt eige smykke av elgbein eller elgtenner. Eg har vore ute på Barnevandrarstien med godt fotfylgje og planlegg eit formidlingsopplegg rundt det. I dag sit eg med to halvferdige nissar på pulten. Jula kjem tidleg for dei som planlegg...Som ny i det meste, tek eg imot gode idéar, tips, innspel og alt det der med stor takk!
Hei Mari,
SvarSlettvelkommen til Sørlandet, jeg håper vi snart treffes ordentlig og ikke bare på telefon! Så flott at elgsmykkeverkstedet fungerer så bra, resultatene ser jo flotte ut! Takk for bilder på epost. Du kan gjerne legge ut flere bilder her på bloggen så alle kan se! Lykke til med barnevandrersti og juleverksted og alt! Beste hilsen Beate på Agder naturmuseum